Livet er eit mysterium

28. januar 2006

Travel veke har slutta

Filed under: — Svein Kåre @ 13:12

Den travle delen av veka slutta i går. Alle møtene, og reisinga rundt, er no over. Det har vore ei interessant veke, med mykje å læra og sjå, og nokre avgjerder å taka. Ikkje noko alt for vanskeleg, dog – det kjem seinare. For å runde av, så besøkte alle me som var med denne veka ein koseleg, kinesisk restaurant for eit måltid. Firmaet betalte, så eg bestilte det dyraste…

Vel – ikkje heilt sant. Eg ville ha bestilt det uansett, og eg kunne ha bestilt dyrare drikke.

På vegen heim etterpå så hadde eg ei slags sær kjensle eg ikkje heilt greier å skildre. Det kan ha vore kun den kalde temperaturen, sjølv om det høyrest rart ut for meg – eg måtte pakka meg inn i eit teppe då eg kom inn. Så la eg meg på sofaen og – eh – «mediterte» ei stund lengre enn eg trudde, og fekk varmen tilbake. Noko som er delvis grunnen til at eg ikkje skreiv før no.

Eg tenker eg kler meg enno varmare før eg går ut i dag, berre i tilfelle.

23. januar 2006

Travel veke har starta

Filed under: — Svein Kåre @ 21:55

Vel, måndagen er her, og veka starta med eit møte. Og det heldt på nokre timar. For resten av veka vil det bli enno fleire møte, og turar rundtom i området. Ein smule travlare enn normalt (for meg) men – det er berre fint. Treng litt aktivitet, for kropp og hjerne.

Så klart, dette held ikkje på heile dagen, så på vegen heim kjøpte eg meg eit par teikneseriar og litt manga til å slappa av med. Og – som ein liten kommentar til kommentaren til den førre posten min – gjett kva jente eg såg i butikken? I svært så moderne klede, rett framfor meg?

Jepp! Det var ei fullstendig anna jente enn ho i dei gammaldagse kleda. Beklagar å måtta skuffa…

21. januar 2006

Til helga?

Filed under: — Svein Kåre @ 21:55

Akkurat ja.

Vel, faktisk så bestemte eg meg for kva eg skulle gjera den helga. Eg berre gjorde det ikkje. Sjølv om det var meininga å starta skrivinga då, så lova eg det eigentleg ikje, sjølv om det var litt underforstått…

Uansett, eg trur at å skriva dette kan vera ein indikasjon på at eg har starta denne dagbokliknande tingen eg hadde sett føre meg å skriva, i håp om at livet mitt har nok interessante augneblink å skriva om, eller om det skortar på det, at eg har nok interessante tankar, ordinære eller ikkje. Så, kva har hendt i det siste, som fortener å bli nemnd?

Vel – eg har til slutt funne ut at eg skulle oppgradere PC-en min frå å vera utstyrt med ein CD-brennar til å vera utstyrt med ein DVD-brennar. Så, eg kjøpte ein, og venta til neste dag før eg innstallerte han; det er så kronglete å komma til og få PC-en ut frå skapet i skrivebordet. Heldigvis er det sjeldan eg har noko å gjera bak PC-en, for ikkje å snakka om inni han.

Etter den enkle operasjonen det var å fjerna CD-brennaren og innstallere DVD-brennaren, den litt meir kompliserte operasjonen å få PC-en tilbake på plass og kopla til alle leidningane, så brente eg ein film for å testa at alt verka. Det fungerte som ein draum, så opphavet kan sjå fram til å få oppgradert den verkeleg gamle CD-brennaren sin med ein ny, rask ein.

Noko anna? Eg gav til slutt etter for den konstante reklamen på TV. Eller noko. Eg trengte tannkrem igjen, så eg kjøpte ein som påstår skal gjera tennene mine kvitare. I følgje reklamefilmane, vil tennene mine bli så kvite at det vil høyrast ein høg «ding»-lyd kvar gong eg smilar. Det vil bli moro å testa.

Me andre ord, ikkje mykje nytt. Eg har «vindus-shoppa» litt, sett på stilige dingsbomsar, tøffe klede, og vakre jenter. Ikkje noko uvanleg der. Vel – med unntak av ei jente eg såvidt fekk eit lite glimt av: Det såg ut som om ho var kledd i verkeleg gammaldagse klede. Ikkje sånn frå førre århundre, men frå århundredet før det igjen, eller noko. Kostymeball? Goth? Ingen ide. Det såg litt stilig ut, dog.

Vel, det får vera det for denne gongen. Alt som står att for meg no, er å kryssa fingrane og håpa det dukkar opp noko interessant å skriva om snart.

4. januar 2006

Nyårsforsett

Filed under: — Svein Kåre @ 1:57

Eigentleg er ikkje nyårsforsett noko eg lagar, men kanskje eg skulle prøva denne gongen? Å få denne bloggen opp og gå, og verkeleg oppdatere han kunne vera hyggeleg. Det måtte sjølvsagt vera noko som ikkje konkurrerer med andre ting eg gjer.

Eg trur (men er ikkje sikker enno) at ein dagbokliknande ting eller noko i den dur kan vera råd. Ikkje at livet mitt er så forferdeleg interessant, men det ville i det minste vera ein start, med sjansar for at eg faktisk vil posta noko her med relativt jamne mellomrom. Ikkje det at det skulle vera ei uoverstigeleg oppgåve uansett, men det er det som freistar mest nett no.

Eg får bestemma meg til helga.

Åh, og godt nytt år!

Powered by WordPress


Warning: fsockopen(): php_network_getaddresses: getaddrinfo failed: Name or service not known in /home/dionaea/users.dionaea.com/livet/wp-content/plugins/wp-shortstat.php on line 115

Warning: fsockopen(): unable to connect to udp://whois.happyarts.net:8000 (php_network_getaddresses: getaddrinfo failed: Name or service not known) in /home/dionaea/users.dionaea.com/livet/wp-content/plugins/wp-shortstat.php on line 115

Warning: stream_set_timeout() expects parameter 1 to be resource, boolean given in /home/dionaea/users.dionaea.com/livet/wp-content/plugins/wp-shortstat.php on line 116