Travel veke har starta
Vel, måndagen er her, og veka starta med eit møte. Og det heldt på nokre timar. For resten av veka vil det bli enno fleire møte, og turar rundtom i området. Ein smule travlare enn normalt (for meg) men - det er berre fint. Treng litt aktivitet, for kropp og hjerne.
Så klart, dette held ikkje på heile dagen, så på vegen heim kjøpte eg meg eit par teikneseriar og litt manga til å slappa av med. Og - som ein liten kommentar til kommentaren til den førre posten min - gjett kva jente eg såg i butikken? I svært så moderne klede, rett framfor meg?
Jepp! Det var ei fullstendig anna jente enn ho i dei gammaldagse kleda. Beklagar å måtta skuffa…