Travel veke har slutta
Den travle delen av veka slutta i går. Alle møtene, og reisinga rundt, er no over. Det har vore ei interessant veke, med mykje å læra og sjå, og nokre avgjerder å taka. Ikkje noko alt for vanskeleg, dog - det kjem seinare. For å runde av, så besøkte alle me som var med denne veka ein koseleg, kinesisk restaurant for eit måltid. Firmaet betalte, så eg bestilte det dyraste…
Vel - ikkje heilt sant. Eg ville ha bestilt det uansett, og eg kunne ha bestilt dyrare drikke.
På vegen heim etterpå så hadde eg ei slags sær kjensle eg ikkje heilt greier å skildre. Det kan ha vore kun den kalde temperaturen, sjølv om det høyrest rart ut for meg - eg måtte pakka meg inn i eit teppe då eg kom inn. Så la eg meg på sofaen og - eh - «mediterte» ei stund lengre enn eg trudde, og fekk varmen tilbake. Noko som er delvis grunnen til at eg ikkje skreiv før no.
Eg tenker eg kler meg enno varmare før eg går ut i dag, berre i tilfelle.