Livet er eit mysterium

2. februar 2006

No er eg nyfiken

Filed under: — Svein KÃ¥re @ 22:02

Eg gjekk ut om morgonen. Eg kom tilbake om ettermiddagen. Ingenting uvanleg der, og ingenting av særleg interesse tok stad mellom dei to hendingane. Men det som gjorde meg nyfiken skjedde akkurat ved dei to hendingane, for to korte augneblink. SÃ¥ – kva var det som skjedde?

Vel, ikkje særleg mykje slik sett, det er berre det at eg såg nokon eg eigentleg ikkje venta å sjå igjen, eller i det minste kjenna att. Det er den jenta i den gammaldagse kjolen eg nemnde såvidt tidlegare. Både om morgonen og ettermiddagen såg eg ho, frå ein liten distanse. Begge gongane forsvann ho fort frå syne, og eg såg ikkje kvar.

Ein annan ting eg ikkje s̴g, var den tunge makeupen eg set i samband med gothstilen. Kanskje eg berre tek fullstendig feil p̴ det feltet, men kvar gong eg har sett ein goth avbilda, s̴ har det vore med tung makeup. S̴ Рdenne jenta er ikkje ein goth? Eller?

Eg hugsar ein artikkel i eit vekeblad mamma kjøpte for mange Ã¥r sidan, om ei kvinne i England (London?) – ho elska den viktorianske tida. Interiøret i bustaden hennar var i den stilen, og kjolane var frÃ¥ den perioden. Mulig dette kan vera noko av det same – i det minste er eg blitt litt nyfiken. No trur eg eg mÃ¥ halda eit auga ope for ho, sÃ¥nn for alle tilfelle. Det skadar ikkje at ho er søt heller… 😉

Powered by WordPress