Livet er eit mysterium

25. februar 2006

Den unnvikande bygningen

Filed under: — Svein KÃ¥re @ 23:39

Puh! For ei veke. Travel er eitt ord som kan brukast til Ã¥ skildra ho. Trøytt eit anna. Arbeide dag og natt for Ã¥ starta og avslutta eit prosjekt – eg greidde det i tide, men det tok pÃ¥: Alt eg har lyst til no er Ã¥ sova gjennom dei neste dagane. Vel – kanskje ikkje heilt det, men det kjennest slik til tider.

Sidan eg har vore oppteken inne heile tida, så har ikkje mykje skjedd ute. For meg. Dei einaste gongane eg har greidd å gå ut er når eg har hatt nokre naudsynte ærend i byen, i tillegg til nokre få raske turar for å trekka litt frisk luft.

Det er nÃ¥r eg tvingar meg sjølv til Ã¥ setja meg ned og skriva dette – fullstendig tomt for noko interessant – at eg byrjar Ã¥ tenkja pÃ¥ den restaurerte bygningen. (Vel – eg tenkjer pÃ¥ han som restaurert uansett, om det stemmer eller ikkje.) Det er langt frÃ¥ der eg pleier Ã¥ gÃ¥,(1) men dÃ¥ eg gjekk for Ã¥ fÃ¥ litt frisk luft no pÃ¥ mÃ¥ndag sÃ¥ var det der eg gjekk. Rett nok hadde eg gÃ¥tt eit godt stykke forbi før eg la merke til kvar eg var, sÃ¥ eg visste stadig ikkje kva slag bygning det var. Onsdag trengte eg handla inn litt mat, og igjen fann eg meg sjølv gÃ¥ande nedover den gata. Sjølvsagt, utan Ã¥ vera klar over det før eg hadde gÃ¥tt forbi bygningen. Torsdag kveld: Eg vart kald sÃ¥ eg snudde og gjekk heim att. Fredag kveld (prosjektet ferdig og levert, yay!) og handlingane frÃ¥ mÃ¥ndag og onsdag gjentok seg. Eg gjekk nedover gata, men lukkast ikkje Ã¥ registrere at eg gjekk forbi bygningen – det vart eg klar over lenge etter.

Vel – eg gjekk aldri nedover den gata med det mÃ¥let Ã¥ finna ut kva bygning det var, ikkje medvite i alle fall, sÃ¥ det skulle ikkje uroa meg. Men i dag var det akkurat det eg ville – eg ville ta turen for Ã¥ sjÃ¥ om bygningen gav nokre hint om kva slag han var, sjølv om eg nesten rekna med at han ikkje ville det. Det var ikkje akkurat det som hendte…

Gjett kva!

Med det spesifikke mÃ¥let Ã¥ gÃ¥ Ã¥ finna det ut, sÃ¥ mislukkast eg fullstendig. Neida – eg gjekk ikkje forbi bygningen utan Ã¥ vera klar over det – eg var ikkje nær sjølve gata ein gong. Eg veit, eg veit. Du trur truleg at eg er ein av dei mest distré typane som finst – og du har sikkert rett – men for denne posten si skuld likar eg Ã¥ tru at det er bygningen unnviker meg med vilje. Kun for Ã¥ irritere meg. Eg er sikker pÃ¥ det.

(1) Ikkje langt i frå i distanse, men sist veke var første gong eg rusla nedover den gata, det eg kan hugsa.

Powered by WordPress