Livet er eit mysterium

14. mars 2006

Konsentrasjon, kom til meg

Filed under: — Svein KÃ¥re @ 19:40

Eg trur eg treng litt konsentrasjon. Ikkje berre for å vera i stand til å oppdatere denne bloggen oftare enn eg greier, men òg i livet generelt. Sånn at eg kan ha augene meir med meg når eg går, og registrere det dei ser.

Ja, eg tenker pÃ¥ den «unnvikande bygningen» eg har nemnd tidlegare. Av ein eller annan grunn har eg blitt noko nyfiken pÃ¥ han, noko som gjer at det som hender gjer meg enno meir frustrert: Kvar gong eg er i omrÃ¥det, greier eg Ã¥ unngÃ¥ Ã¥ leggja merke til det, og difor er eg stadig uvitande om kva slag bygning det er. Kanskje eg skulle alliere meg med ein venn om Ã¥ vekka meg?

Bortsett fr̴ ̴ ikkje leggja merke til ein bygning, og ̴ ikkje treffa interessante menneske for den del, s̴ har dette vore ei kjedeleg veke. Det har vore kaldt, og tida ute har stort sett blitt brukt til ̴ forflytta meg fr̴ punkt A til punkt B eller C og tilbake. Tida inne har blitt brukt til Рvel Рkjedeleg, gjentakande saker. Alt i alt, ei kjedeleg veke.

Vonleg vil noko skje snart. Eg likar ikkje kjedeleg.

Powered by WordPress