Livet er eit mysterium

20. mars 2006

Benk? Kva for ein benk?

Filed under: — Svein KÃ¥re @ 23:48

Vel – eg hadde ein venn over her pÃ¥ besøk eit par dagar sidan sist gong eg skreiv. Ikkje for Ã¥ alliere meg med han for Ã¥ fÃ¥ han til Ã¥ vekkja meg opp ved den bygningen, men for Ã¥ ha det hyggeleg saman; sjÃ¥ litt film og fortæra god mat. Dette var godt nok for meg til Ã¥ ikkje tenkja pÃ¥ nokon bygning i det heile.

Skjønt – i gÃ¥r var eg ute og spaserte i det fine, solfylte vêret igjen. Og – kanskje eg stadig treng trygla konsentrasjonen om Ã¥ komma til meg? Eg har sÃ¥vidt nemnd tidlegare den mystiske dama i gammaldagse kjolar – ei eg har blitt litt nyfiken pÃ¥. Under spaserturen min sÃ¥g eg ho igjen, frÃ¥ ein god avstand. I det minste er eg ganske sikker pÃ¥ det var ho – det var meir kjolen enn andletet eg kjende att. Uansett, eg tenkte eg kanskje kunne greia Ã¥ møta ho denne gongen, sidan ho satt i ro pÃ¥ ein benk i sola, sÃ¥ eg byrja gÃ¥ mot ho.

Dette er der konsentrasjonsbiten kjem inn. DÃ¥ eg la merke til ho var eg pÃ¥ ei lita høgde, og sÃ¥g over hekkar og buskar. Desse sperra utsynet til ho dÃ¥ eg kom lÃ¥gare i terrenget, og dÃ¥ eg kom til staden der eg trudde ho var – sÃ¥ var ho der ikkje. Normalt sett ville det vera lett nok Ã¥ dra den slutninga at ho hadde forlete staden, men i dette tilfellet sÃ¥ var ikkje benken ho hadde sete pÃ¥ der heller. Fann ingen andre benkar i omrÃ¥det heller, sÃ¥…

Eg er vel ein smule distré då, eller noko, sidan eg hugsar korkje stad eller retningen eg skulle gå.

Vel vel, mysterium skal vel ikkje vera alt for enkle Ã¥ løysa – og den jenta er eit mysterium for meg… 😉

Powered by WordPress