Livet er eit mysterium

4. april 2006

Endeleg

Filed under: — Svein KÃ¥re @ 0:59

Endeleg greier eg Ã¥ setja meg ned og oppdatere litt her. Eg burde jo ha fÃ¥tt det til før, men…

Uansett, snøen er vekke no. Den regna vekk tidleg sist veke, og det var faktisk råd å kjenna litt varme frå sola òg. Ikkje det at eg var så overvettes mykje ute og naut den, men det var no godt likevel. På dei turane eg var ute så var det mykje for å handla litt, og her er vel eit par manga det mest interessante. Ikkje var det mykje fascinerande å sjå heller, på desse spaserturane mine.

Dei siste dagane har eg brukt til å vera litt frustrert inne. Eg kom nemleg over eit fint PHP-script for ein søkemotor til sidene mine. Det kunne vera hyggeleg å hatt søkeresultat utan reklame, slik Freefind, det eg har brukt så langt gjer, og samstundes få ha den informasjonen eg får frå Freefind om kva folk søker etter. Det gir meg jo ein liten peikepinn om kva eg kan forbetra, blant anna.

Det som har skapt frustrasjonen, er at dette scriptet brukar ein funksjon i PHP som er slÃ¥tt av hjÃ¥ meg, pÃ¥ grunn av tryggleiken. Det finst mÃ¥tar Ã¥ omgÃ¥ problemet pÃ¥, og eg fekk eit par peikepinnar om kor eg mÃ¥tte sjÃ¥ og kva eg mÃ¥tte bruka for Ã¥ løyse dette problemet, med litt programmering. Lett nok nÃ¥r du kan det, men pÃ¥ det feltet stod eg pÃ¥ bar bakke. Men – eg trur eg fekk det til no. MÃ¥ berre testa litt før eg brukar det.

Og forresten – det gamle huset eg har lurt litt pÃ¥ ser ut til Ã¥ vera eit privathus. Eg greidde Ã¥ skjerpa meg litt dÃ¥ eg gjekk forbi sist, og la merke til eit skilt pÃ¥ døra, og det stod eit mannsnamn pÃ¥ det. Stod noko med mindre skrift under, men eg ville ikkje gÃ¥ opp til det og sjÃ¥ nærare pÃ¥ det. Eg har fÃ¥tt stilt nyfikna mi no.

Endeleg. 🙂

Powered by WordPress