Til helga?
Akkurat ja.
Vel, faktisk sÃ¥ bestemte eg meg for kva eg skulle gjera den helga. Eg berre gjorde det ikkje. Sjølv om det var meininga Ã¥ starta skrivinga dÃ¥, sÃ¥ lova eg det eigentleg ikje, sjølv om det var litt underforstÃ¥tt…
Uansett, eg trur at å skriva dette kan vera ein indikasjon på at eg har starta denne dagbokliknande tingen eg hadde sett føre meg å skriva, i håp om at livet mitt har nok interessante augneblink å skriva om, eller om det skortar på det, at eg har nok interessante tankar, ordinære eller ikkje. Så, kva har hendt i det siste, som fortener å bli nemnd?
Vel – eg har til slutt funne ut at eg skulle oppgradere PC-en min frÃ¥ Ã¥ vera utstyrt med ein CD-brennar til Ã¥ vera utstyrt med ein DVD-brennar. SÃ¥, eg kjøpte ein, og venta til neste dag før eg innstallerte han; det er sÃ¥ kronglete Ã¥ komma til og fÃ¥ PC-en ut frÃ¥ skapet i skrivebordet. Heldigvis er det sjeldan eg har noko Ã¥ gjera bak PC-en, for ikkje Ã¥ snakka om inni han.
Etter den enkle operasjonen det var å fjerna CD-brennaren og innstallere DVD-brennaren, den litt meir kompliserte operasjonen å få PC-en tilbake på plass og kopla til alle leidningane, så brente eg ein film for å testa at alt verka. Det fungerte som ein draum, så opphavet kan sjå fram til å få oppgradert den verkeleg gamle CD-brennaren sin med ein ny, rask ein.
Noko anna? Eg gav til slutt etter for den konstante reklamen pÃ¥ TV. Eller noko. Eg trengte tannkrem igjen, sÃ¥ eg kjøpte ein som pÃ¥stÃ¥r skal gjera tennene mine kvitare. I følgje reklamefilmane, vil tennene mine bli sÃ¥ kvite at det vil høyrast ein høg «ding»-lyd kvar gong eg smilar. Det vil bli moro Ã¥ testa.
Me andre ord, ikkje mykje nytt. Eg har «vindus-shoppa» litt, sett pÃ¥ stilige dingsbomsar, tøffe klede, og vakre jenter. Ikkje noko uvanleg der. Vel – med unntak av ei jente eg sÃ¥vidt fekk eit lite glimt av: Det sÃ¥g ut som om ho var kledd i verkeleg gammaldagse klede. Ikkje sÃ¥nn frÃ¥ førre Ã¥rhundre, men frÃ¥ Ã¥rhundredet før det igjen, eller noko. Kostymeball? Goth? Ingen ide. Det sÃ¥g litt stilig ut, dog.
Vel, det får vera det for denne gongen. Alt som står att for meg no, er å kryssa fingrane og håpa det dukkar opp noko interessant å skriva om snart.