Livet er eit mysterium

4. mars 2006

Eg har venta på deg, sa ho

Filed under: — Svein Kåre @ 2:36

For ei stund tilbake så berre vandra eg rundt i byen, tråla gater og smau berre fordi, la merke til små butikkar eg aldri visste eksisterte. Eg lova meg sjølv òg at eg skulle gå innom nokre av dei seinare – ikkje berre gå forbi dei. Vel – i dag starta eg oppfyllinga av denne lovnaden.

Eg gjekk nedover ei sidegate til hovudgata – på motsett side av det eg vanlegvis gjer dei få gongane eg går nedover akkurat den gata (sånn i tilfelle detaljane er viktige å veta) – då ei kvinne forlet ein butikk rett framfor meg. Eg snudde på hovudet, såg inn butikkvindauga, og tenkte: Kvifor ikkje? Så eg gjekk inn.

Førsteinntrykk: Kvinnemanufaktur. Andreinntrykk: Og meir. Eller kanskje det var omvendt. Då eg såg inn butikkvindauga la eg merke til at det var mange ulike ting inne. Eit skilt på døra sa at det var ein kvinnemanufaktur, men… Eg gjekk inn likevel. Ein annan mann kom inn rett etter meg – men han skulle berre levera litt post, så han tel vel ikkje. Men det var eit par andre der inne, med unntak av ekspeditrisa/eigaren. Ei dame, og ein – mann. Malt eller tatovert i andletet som – vel, ein sjaman eller noko i den dur. Veldig «urinnvånar-stil». Snakka slik òg – og han hadde noko til butikkeigaren.

No, han såg eigentleg ikkje særleg malplassert ut i butikken. Kvinneklede vart seld, javisst – men det var òg ein slags alternativ butikk: Puter frå Nepal, med møster som fortalte ein historie og skulle hjelpa, røykelse, amulettar, og – vel. Smykke og innrama dikt og såper og mykje anna òg. Nokre blad med slike alternative tema låg på eit bord, men eg trur ikkje dei var til salgs. Og så noko om eit sjamankurs eller noko – eg leste ikkje. Tredje verda, alternativt og kvinneklede summerer opp alt, dog.

Kvar passar eg inn i alt dette? Vel – eigaren fortalte meg, etter at dama ho ekspederte hadde gått, at ho ikkje hadde sett meg i butikken før, men at ho hadde venta på meg. Ho hadde sett meg mange gongar i gata (hovudgata der eg går fleire gongar i veka er godt synleg frå butikken) og visste eg ville komma, det var berre eit spørsmål om tid. Og lurte på om ho kunne hjelpa.

Vel – eg ville berre sjå kva slag butikk det var, og kva ho kunne tilby. Ho snudde seg deretter mot den tatoverte typen som stod og venta. Mens eg gjekk rundt i butikken og såg gjennom kva som var der, overhøyrde eg brotstykke av konversasjonen deira: Han hadde vore på veg opp vegen til ein eller annan stad, då han kjente på seg at han måtte ta turen innom butikken, og han hadde noko han ville ho skulle ha. Dama høyrdest litt skeptisk ut, og trudde ikkje han visste kva han snakka om – men samstundes nyfiken på kva det var han hadde til ho. Då han gjekk, var ho tilbake til meg med ein gong. Ho hadde noko å visa meg, noko som ville vera perfekt til meg. Og viste meg – eit skjørt.

OK, det var eit fint skjørt – eg har ingen problem med å innrømma det. Ho viste meg òg nokre andre, men – vel, ikkje eigentleg min stil. Så ho viste meg resten av butikken og fortalde meg litt om dei ulike tinga, som putene frå Nepal, og korleis ei nybakt mor ikkje hadde mjølk i brysta sine, men ved hjelp av mønsteret på puta ho kjøpte, og røykelse eller olje (hugsa ikkje kva) så starta melka å strøyma. Vel – ikkje noko magi der – det hjelpte henne kun å fokusere og slappa av.

Men det merkelegaste med besøket mitt der, er eit maleri. Det var eit stort maleri som var igjen då ho overtok lokalet, mykje raudt og oransje. Eg la merke til det og studerte det litt. Dama la merke tilat eg studerte det, og fortalde at ho sjølv hadde sett på det ei stund før ho oppdaga kva motivet var: Det var tre personar i maleriet. Ein mann med hatt, sett bakfrå vet botnen av ei trapp. Ei dame i ein raud kjole, halvvegs opp i trappa, viser beinet sitt. Og ei dame på toppen, synleg i ei døropning, har på seg eit korsett. Dei er prostituerte, og ingen ansikt er malte, sjølv om kvinnene ser rett mot oss.

Dette er ikkje merkeleg i seg sjølv – men det faktum at eg hugsar konversasjonen me hadde om dette maleriet er. Ikkje hugsar det frå i ettermiddag i butikken – eg hugsar det frå ein annan stad, for lenge sidan. Eg hugsar biletet òg – i det minste fargane – men eg er ganske sikker på at eg ikkje har sett det før. Hugsar eg det frå ein draum eg har hatt? Eg veit ikkje…

Vel, eg forlot butikken utan å kjøpa noko, men eg fekk ei røykelsesstang med meg frå eigaren. Ho insisterte på at eg skulle ha det.

2 Comments »

  1. Dette er veldig spennende. jeg er virkelig nysgjerrig… hva skjer der du bor – i gata di?

    kan ikke vente til å høre meg om det som skjer – jeg håper du finner ut hva som foregår i livet ditt med den kvinnen og butikken og maleriet.

    Håper røkelsen gjorde godt for deg 🙂

    Comment by wander — 4. mars 2006 @ 22:56

  2. Røykelsen lukta godt 🙂

    Bortsett frå det, veit eg ikkje kva tid eg vil besøka den butikken igjen. Sjølv om det er noko rart med å hugsa eit måleri og konversasjonen om det frå før han tok stad…

    Comment by Svein Kåre — 5. mars 2006 @ 0:13

RSS feed for comments on this post. TrackBack URI

Leave a comment

Line and paragraph breaks automatic, e-mail address never displayed, HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

(required)

(required)


Powered by WordPress


Warning: fsockopen(): php_network_getaddresses: getaddrinfo failed: Name or service not known in /home/dionaea/users.dionaea.com/livet/wp-content/plugins/wp-shortstat.php on line 115

Warning: fsockopen(): unable to connect to udp://whois.happyarts.net:8000 (php_network_getaddresses: getaddrinfo failed: Name or service not known) in /home/dionaea/users.dionaea.com/livet/wp-content/plugins/wp-shortstat.php on line 115

Warning: stream_set_timeout() expects parameter 1 to be resource, boolean given in /home/dionaea/users.dionaea.com/livet/wp-content/plugins/wp-shortstat.php on line 116