Livet er eit mysterium

4. mars 2006

Eg har venta på deg, sa ho

Filed under: — Svein KÃ¥re @ 2:36

For ei stund tilbake sÃ¥ berre vandra eg rundt i byen, trÃ¥la gater og smau berre fordi, la merke til smÃ¥ butikkar eg aldri visste eksisterte. Eg lova meg sjølv òg at eg skulle gÃ¥ innom nokre av dei seinare – ikkje berre gÃ¥ forbi dei. Vel – i dag starta eg oppfyllinga av denne lovnaden.

Eg gjekk nedover ei sidegate til hovudgata Рp̴ motsett side av det eg vanlegvis gjer dei f̴ gongane eg g̴r nedover akkurat den gata (s̴nn i tilfelle detaljane er viktige ̴ veta) Рd̴ ei kvinne forlet ein butikk rett framfor meg. Eg snudde p̴ hovudet, s̴g inn butikkvindauga, og tenkte: Kvifor ikkje? S̴ eg gjekk inn.

Førsteinntrykk: Kvinnemanufaktur. Andreinntrykk: Og meir. Eller kanskje det var omvendt. DÃ¥ eg sÃ¥g inn butikkvindauga la eg merke til at det var mange ulike ting inne. Eit skilt pÃ¥ døra sa at det var ein kvinnemanufaktur, men… Eg gjekk inn likevel. Ein annan mann kom inn rett etter meg – men han skulle berre levera litt post, sÃ¥ han tel vel ikkje. Men det var eit par andre der inne, med unntak av ekspeditrisa/eigaren. Ei dame, og ein – mann. Malt eller tatovert i andletet som – vel, ein sjaman eller noko i den dur. Veldig «urinnvÃ¥nar-stil». Snakka slik òg – og han hadde noko til butikkeigaren.

No, han sÃ¥g eigentleg ikkje særleg malplassert ut i butikken. Kvinneklede vart seld, javisst – men det var òg ein slags alternativ butikk: Puter frÃ¥ Nepal, med møster som fortalte ein historie og skulle hjelpa, røykelse, amulettar, og – vel. Smykke og innrama dikt og sÃ¥per og mykje anna òg. Nokre blad med slike alternative tema lÃ¥g pÃ¥ eit bord, men eg trur ikkje dei var til salgs. Og sÃ¥ noko om eit sjamankurs eller noko – eg leste ikkje. Tredje verda, alternativt og kvinneklede summerer opp alt, dog.

Kvar passar eg inn i alt dette? Vel – eigaren fortalte meg, etter at dama ho ekspederte hadde gÃ¥tt, at ho ikkje hadde sett meg i butikken før, men at ho hadde venta pÃ¥ meg. Ho hadde sett meg mange gongar i gata (hovudgata der eg gÃ¥r fleire gongar i veka er godt synleg frÃ¥ butikken) og visste eg ville komma, det var berre eit spørsmÃ¥l om tid. Og lurte pÃ¥ om ho kunne hjelpa.

Vel – eg ville berre sjÃ¥ kva slag butikk det var, og kva ho kunne tilby. Ho snudde seg deretter mot den tatoverte typen som stod og venta. Mens eg gjekk rundt i butikken og sÃ¥g gjennom kva som var der, overhøyrde eg brotstykke av konversasjonen deira: Han hadde vore pÃ¥ veg opp vegen til ein eller annan stad, dÃ¥ han kjente pÃ¥ seg at han mÃ¥tte ta turen innom butikken, og han hadde noko han ville ho skulle ha. Dama høyrdest litt skeptisk ut, og trudde ikkje han visste kva han snakka om – men samstundes nyfiken pÃ¥ kva det var han hadde til ho. DÃ¥ han gjekk, var ho tilbake til meg med ein gong. Ho hadde noko Ã¥ visa meg, noko som ville vera perfekt til meg. Og viste meg – eit skjørt.

OK, det var eit fint skjørt – eg har ingen problem med Ã¥ innrømma det. Ho viste meg òg nokre andre, men – vel, ikkje eigentleg min stil. SÃ¥ ho viste meg resten av butikken og fortalde meg litt om dei ulike tinga, som putene frÃ¥ Nepal, og korleis ei nybakt mor ikkje hadde mjølk i brysta sine, men ved hjelp av mønsteret pÃ¥ puta ho kjøpte, og røykelse eller olje (hugsa ikkje kva) sÃ¥ starta melka Ã¥ strøyma. Vel – ikkje noko magi der – det hjelpte henne kun Ã¥ fokusere og slappa av.

Men det merkelegaste med besøket mitt der, er eit maleri. Det var eit stort maleri som var igjen då ho overtok lokalet, mykje raudt og oransje. Eg la merke til det og studerte det litt. Dama la merke tilat eg studerte det, og fortalde at ho sjølv hadde sett på det ei stund før ho oppdaga kva motivet var: Det var tre personar i maleriet. Ein mann med hatt, sett bakfrå vet botnen av ei trapp. Ei dame i ein raud kjole, halvvegs opp i trappa, viser beinet sitt. Og ei dame på toppen, synleg i ei døropning, har på seg eit korsett. Dei er prostituerte, og ingen ansikt er malte, sjølv om kvinnene ser rett mot oss.

Dette er ikkje merkeleg i seg sjølv – men det faktum at eg hugsar konversasjonen me hadde om dette maleriet er. Ikkje hugsar det frÃ¥ i ettermiddag i butikken – eg hugsar det frÃ¥ ein annan stad, for lenge sidan. Eg hugsar biletet òg – i det minste fargane – men eg er ganske sikker pÃ¥ at eg ikkje har sett det før. Hugsar eg det frÃ¥ ein draum eg har hatt? Eg veit ikkje…

Vel, eg forlot butikken utan å kjøpa noko, men eg fekk ei røykelsesstang med meg frå eigaren. Ho insisterte på at eg skulle ha det.

Powered by WordPress