Livet er eit mysterium

27. februar 2006

Dumme elva

Filed under: — Svein KÃ¥re @ 21:58

Det er ei elv i parken. Vanlegvis ei koseleg, uskuldig elv som ikkje gjer nokon fortred. Ikkje slik i går.

Gårsdagen var ein vakker, solrik dag. Perfekt for ein spasertur i parken, og dermed var dette ein naturleg ting for meg å gjera. Frisk luft og den mosjonen ein spasertur utgjer gjorde dette til ei hyggeleg oppleving. Å spasere langs elva var òg hyggeleg og avslappande, opp til eit visst punkt. Åh, eg fall ikkje ut i elva, og heller ingen andre. Eg var berre på feil side av ho.

PÃ¥ den andre sida av elva la eg merke til den jenta eg vart nyfiken pÃ¥ tidlegare. Jenta (eller den unge kvinna, om du føretrekk) som kledde seg i gammaldagse klede. I gÃ¥r hadde ho òg pÃ¥ seg slike klede – uvanleg, men ganske stilig. Kanskje det var dumt av meg, men eg hadde ikkje lyst til Ã¥ ropa til ho for Ã¥ fÃ¥ kontakt med ho – ho gjekk ikkje langs elvebreidda. Dessutan var det ei bru over elva litt lengre oppover.

Diverre følgde ho ikkje gangstien sÃ¥ langt, men tok av der han delte seg og gjekk inn mellom nokre buskar. Eg sette opp farten og kryssa elva ved brua for Ã¥ prøva Ã¥ ta ho igjen – men diverre. Eg var for sein, og fann ho ikkje att. Kanskje eg skulle ha ropt, men – kva? «Hei, fin kjole»? Og deretter? Næh – er ikkje alt for komfortabel med den idéen. Trur eg er nøgd med Ã¥ skulda pÃ¥ elva nett no.

Dumme elva.

Powered by WordPress