Livet er eit mysterium

15. februar 2006

Ein by sine løyndomar

Filed under: — Svein KÃ¥re @ 23:46

Normalt nÃ¥r eg er i byen, sÃ¥ held eg meg til nokre fÃ¥ gater og butikkar for Ã¥ gjera dei ærenda eg treng (eller vil) gjera. Og det er det. Men for halvanna veke sidan bestemte eg meg for Ã¥ bruka litt tid til Ã¥ sjÃ¥ meg rundt pÃ¥ stadar der eg venlegvis ikkje gÃ¥r – eller aldri har vore i det heile.

SÃ¥ eg vandra rundt i trange smau og vide gater, eller i det minste pÃ¥ fortoga langs dei. Eg rusla rundt i sentrum og i utkanten, fekk med meg smÃ¥ butikkar av nær sagt alle slag, bustadar «gøymt vekk» pÃ¥ plassar der eg først trudde det ikkje var noko, skinnande nye bygningar attmed gamle og skitne. Og ein bygning som sÃ¥g ut til Ã¥ vera restaurert – han sÃ¥g svært gammal ut, men materiala virka ganske nye. Eg veit ikkje kva slag bygning det var, dog.

No, eg har alltid visst det er butikkar eg ikkje har besøkt – massevis av dei. Eg har òg kasta eit blikk opp (eller ned) desse smale smaua, og sett at det er nokre der. Det eg aldri har tenkt over, er kor mange slike smÃ¥butikkar som finst, berre ein liten avstikkar vekk frÃ¥ hovudgatene. Og kor mange typar det er. Kort sagt, det var mykje interessant Ã¥ sjÃ¥, nokre av desse butikkane krev òg eit besøk frÃ¥ meg seinare.

Men – kvifor har eg venta sÃ¥ lenge med denne oppdateringa? Eg meinte det ikkje, æresord. Det er berre det at – det er som om eg har vore fullstendig tappa for energi sidan den dagen. Og kald. Mot slutten av dagen (eller tida i byen) sÃ¥ byrja eg Ã¥ skjelva og frysa sÃ¥ mykje at eg berre mÃ¥tte komma meg heim. Der pakka eg meg godt inn i eit pledd og somna pÃ¥ sofaen med ein gong – og fram til no har eg ikkje hatt energi nok til Ã¥ gjera meir enn det eg mÃ¥tte. Men det ser betre ut no.

Powered by WordPress