Livet er eit mysterium

4. april 2006

Endeleg

Filed under: — Svein Kåre @ 0:59

Endeleg greier eg å setja meg ned og oppdatere litt her. Eg burde jo ha fått det til før, men…

Uansett, snøen er vekke no. Den regna vekk tidleg sist veke, og det var faktisk råd å kjenna litt varme frå sola òg. Ikkje det at eg var så overvettes mykje ute og naut den, men det var no godt likevel. På dei turane eg var ute så var det mykje for å handla litt, og her er vel eit par manga det mest interessante. Ikkje var det mykje fascinerande å sjå heller, på desse spaserturane mine.

Dei siste dagane har eg brukt til å vera litt frustrert inne. Eg kom nemleg over eit fint PHP-script for ein søkemotor til sidene mine. Det kunne vera hyggeleg å hatt søkeresultat utan reklame, slik Freefind, det eg har brukt så langt gjer, og samstundes få ha den informasjonen eg får frå Freefind om kva folk søker etter. Det gir meg jo ein liten peikepinn om kva eg kan forbetra, blant anna.

Det som har skapt frustrasjonen, er at dette scriptet brukar ein funksjon i PHP som er slått av hjå meg, på grunn av tryggleiken. Det finst måtar å omgå problemet på, og eg fekk eit par peikepinnar om kor eg måtte sjå og kva eg måtte bruka for å løyse dette problemet, med litt programmering. Lett nok når du kan det, men på det feltet stod eg på bar bakke. Men – eg trur eg fekk det til no. Må berre testa litt før eg brukar det.

Og forresten – det gamle huset eg har lurt litt på ser ut til å vera eit privathus. Eg greidde å skjerpa meg litt då eg gjekk forbi sist, og la merke til eit skilt på døra, og det stod eit mannsnamn på det. Stod noko med mindre skrift under, men eg ville ikkje gå opp til det og sjå nærare på det. Eg har fått stilt nyfikna mi no.

Endeleg. 🙂

24. mars 2006

Dumme våren

Filed under: — Svein Kåre @ 1:57

Sundag. Fint, varmt og solrik dag. Ingen snø. Det var råd å ha ein hyggeleg dag ute, sitja på ein benk i parken og gleda seg over sola i andletet.

I dag (og i går, og forgårs.) Grått, kaldt vêr, og snø. Ein god del av det. Det var stadig råd å ha ei hyggeleg stund ute, så lenge du tenker på vinteraktivitetar. Eg prøvde meg på ein liten tur i parken, men det var vanskeleg å kjenna att noko frå det grøne landskapet eg såg sundag. Og – det vart ein heller kort tur. Det var ikkje noko gøy.

Sukk. Det er nært slutten av mars no, det er meininga at det skal vera vår. Ikkje berre nokre få dagar for å erta oss, for så å forsvinna og synast lengre vekke enn nokon gong dagen etter. Dei fine vårdagane skulle komma her og bli her. Men dei vart ikkje.

Dumme våren.

20. mars 2006

Benk? Kva for ein benk?

Filed under: — Svein Kåre @ 23:48

Vel – eg hadde ein venn over her på besøk eit par dagar sidan sist gong eg skreiv. Ikkje for å alliere meg med han for å få han til å vekkja meg opp ved den bygningen, men for å ha det hyggeleg saman; sjå litt film og fortæra god mat. Dette var godt nok for meg til å ikkje tenkja på nokon bygning i det heile.

Skjønt – i går var eg ute og spaserte i det fine, solfylte vêret igjen. Og – kanskje eg stadig treng trygla konsentrasjonen om å komma til meg? Eg har såvidt nemnd tidlegare den mystiske dama i gammaldagse kjolar – ei eg har blitt litt nyfiken på. Under spaserturen min såg eg ho igjen, frå ein god avstand. I det minste er eg ganske sikker på det var ho – det var meir kjolen enn andletet eg kjende att. Uansett, eg tenkte eg kanskje kunne greia å møta ho denne gongen, sidan ho satt i ro på ein benk i sola, så eg byrja gå mot ho.

Dette er der konsentrasjonsbiten kjem inn. Då eg la merke til ho var eg på ei lita høgde, og såg over hekkar og buskar. Desse sperra utsynet til ho då eg kom lågare i terrenget, og då eg kom til staden der eg trudde ho var – så var ho der ikkje. Normalt sett ville det vera lett nok å dra den slutninga at ho hadde forlete staden, men i dette tilfellet så var ikkje benken ho hadde sete på der heller. Fann ingen andre benkar i området heller, så…

Eg er vel ein smule distré då, eller noko, sidan eg hugsar korkje stad eller retningen eg skulle gå.

Vel vel, mysterium skal vel ikkje vera alt for enkle å løysa – og den jenta er eit mysterium for meg… 😉

14. mars 2006

Konsentrasjon, kom til meg

Filed under: — Svein Kåre @ 19:40

Eg trur eg treng litt konsentrasjon. Ikkje berre for å vera i stand til å oppdatere denne bloggen oftare enn eg greier, men òg i livet generelt. Sånn at eg kan ha augene meir med meg når eg går, og registrere det dei ser.

Ja, eg tenker på den «unnvikande bygningen» eg har nemnd tidlegare. Av ein eller annan grunn har eg blitt noko nyfiken på han, noko som gjer at det som hender gjer meg enno meir frustrert: Kvar gong eg er i området, greier eg å unngå å leggja merke til det, og difor er eg stadig uvitande om kva slag bygning det er. Kanskje eg skulle alliere meg med ein venn om å vekka meg?

Bortsett frå å ikkje leggja merke til ein bygning, og å ikkje treffa interessante menneske for den del, så har dette vore ei kjedeleg veke. Det har vore kaldt, og tida ute har stort sett blitt brukt til å forflytta meg frå punkt A til punkt B eller C og tilbake. Tida inne har blitt brukt til – vel – kjedeleg, gjentakande saker. Alt i alt, ei kjedeleg veke.

Vonleg vil noko skje snart. Eg likar ikkje kjedeleg.

4. mars 2006

Eg har venta på deg, sa ho

Filed under: — Svein Kåre @ 2:36

For ei stund tilbake så berre vandra eg rundt i byen, tråla gater og smau berre fordi, la merke til små butikkar eg aldri visste eksisterte. Eg lova meg sjølv òg at eg skulle gå innom nokre av dei seinare – ikkje berre gå forbi dei. Vel – i dag starta eg oppfyllinga av denne lovnaden.

Eg gjekk nedover ei sidegate til hovudgata – på motsett side av det eg vanlegvis gjer dei få gongane eg går nedover akkurat den gata (sånn i tilfelle detaljane er viktige å veta) – då ei kvinne forlet ein butikk rett framfor meg. Eg snudde på hovudet, såg inn butikkvindauga, og tenkte: Kvifor ikkje? Så eg gjekk inn.

Førsteinntrykk: Kvinnemanufaktur. Andreinntrykk: Og meir. Eller kanskje det var omvendt. Då eg såg inn butikkvindauga la eg merke til at det var mange ulike ting inne. Eit skilt på døra sa at det var ein kvinnemanufaktur, men… Eg gjekk inn likevel. Ein annan mann kom inn rett etter meg – men han skulle berre levera litt post, så han tel vel ikkje. Men det var eit par andre der inne, med unntak av ekspeditrisa/eigaren. Ei dame, og ein – mann. Malt eller tatovert i andletet som – vel, ein sjaman eller noko i den dur. Veldig «urinnvånar-stil». Snakka slik òg – og han hadde noko til butikkeigaren.

No, han såg eigentleg ikkje særleg malplassert ut i butikken. Kvinneklede vart seld, javisst – men det var òg ein slags alternativ butikk: Puter frå Nepal, med møster som fortalte ein historie og skulle hjelpa, røykelse, amulettar, og – vel. Smykke og innrama dikt og såper og mykje anna òg. Nokre blad med slike alternative tema låg på eit bord, men eg trur ikkje dei var til salgs. Og så noko om eit sjamankurs eller noko – eg leste ikkje. Tredje verda, alternativt og kvinneklede summerer opp alt, dog.

Kvar passar eg inn i alt dette? Vel – eigaren fortalte meg, etter at dama ho ekspederte hadde gått, at ho ikkje hadde sett meg i butikken før, men at ho hadde venta på meg. Ho hadde sett meg mange gongar i gata (hovudgata der eg går fleire gongar i veka er godt synleg frå butikken) og visste eg ville komma, det var berre eit spørsmål om tid. Og lurte på om ho kunne hjelpa.

Vel – eg ville berre sjå kva slag butikk det var, og kva ho kunne tilby. Ho snudde seg deretter mot den tatoverte typen som stod og venta. Mens eg gjekk rundt i butikken og såg gjennom kva som var der, overhøyrde eg brotstykke av konversasjonen deira: Han hadde vore på veg opp vegen til ein eller annan stad, då han kjente på seg at han måtte ta turen innom butikken, og han hadde noko han ville ho skulle ha. Dama høyrdest litt skeptisk ut, og trudde ikkje han visste kva han snakka om – men samstundes nyfiken på kva det var han hadde til ho. Då han gjekk, var ho tilbake til meg med ein gong. Ho hadde noko å visa meg, noko som ville vera perfekt til meg. Og viste meg – eit skjørt.

OK, det var eit fint skjørt – eg har ingen problem med å innrømma det. Ho viste meg òg nokre andre, men – vel, ikkje eigentleg min stil. Så ho viste meg resten av butikken og fortalde meg litt om dei ulike tinga, som putene frå Nepal, og korleis ei nybakt mor ikkje hadde mjølk i brysta sine, men ved hjelp av mønsteret på puta ho kjøpte, og røykelse eller olje (hugsa ikkje kva) så starta melka å strøyma. Vel – ikkje noko magi der – det hjelpte henne kun å fokusere og slappa av.

Men det merkelegaste med besøket mitt der, er eit maleri. Det var eit stort maleri som var igjen då ho overtok lokalet, mykje raudt og oransje. Eg la merke til det og studerte det litt. Dama la merke tilat eg studerte det, og fortalde at ho sjølv hadde sett på det ei stund før ho oppdaga kva motivet var: Det var tre personar i maleriet. Ein mann med hatt, sett bakfrå vet botnen av ei trapp. Ei dame i ein raud kjole, halvvegs opp i trappa, viser beinet sitt. Og ei dame på toppen, synleg i ei døropning, har på seg eit korsett. Dei er prostituerte, og ingen ansikt er malte, sjølv om kvinnene ser rett mot oss.

Dette er ikkje merkeleg i seg sjølv – men det faktum at eg hugsar konversasjonen me hadde om dette maleriet er. Ikkje hugsar det frå i ettermiddag i butikken – eg hugsar det frå ein annan stad, for lenge sidan. Eg hugsar biletet òg – i det minste fargane – men eg er ganske sikker på at eg ikkje har sett det før. Hugsar eg det frå ein draum eg har hatt? Eg veit ikkje…

Vel, eg forlot butikken utan å kjøpa noko, men eg fekk ei røykelsesstang med meg frå eigaren. Ho insisterte på at eg skulle ha det.

27. februar 2006

Dumme elva

Filed under: — Svein Kåre @ 21:58

Det er ei elv i parken. Vanlegvis ei koseleg, uskuldig elv som ikkje gjer nokon fortred. Ikkje slik i går.

Gårsdagen var ein vakker, solrik dag. Perfekt for ein spasertur i parken, og dermed var dette ein naturleg ting for meg å gjera. Frisk luft og den mosjonen ein spasertur utgjer gjorde dette til ei hyggeleg oppleving. Å spasere langs elva var òg hyggeleg og avslappande, opp til eit visst punkt. Åh, eg fall ikkje ut i elva, og heller ingen andre. Eg var berre på feil side av ho.

På den andre sida av elva la eg merke til den jenta eg vart nyfiken på tidlegare. Jenta (eller den unge kvinna, om du føretrekk) som kledde seg i gammaldagse klede. I går hadde ho òg på seg slike klede – uvanleg, men ganske stilig. Kanskje det var dumt av meg, men eg hadde ikkje lyst til å ropa til ho for å få kontakt med ho – ho gjekk ikkje langs elvebreidda. Dessutan var det ei bru over elva litt lengre oppover.

Diverre følgde ho ikkje gangstien så langt, men tok av der han delte seg og gjekk inn mellom nokre buskar. Eg sette opp farten og kryssa elva ved brua for å prøva å ta ho igjen – men diverre. Eg var for sein, og fann ho ikkje att. Kanskje eg skulle ha ropt, men – kva? «Hei, fin kjole»? Og deretter? Næh – er ikkje alt for komfortabel med den idéen. Trur eg er nøgd med å skulda på elva nett no.

Dumme elva.

25. februar 2006

Den unnvikande bygningen

Filed under: — Svein Kåre @ 23:39

Puh! For ei veke. Travel er eitt ord som kan brukast til å skildra ho. Trøytt eit anna. Arbeide dag og natt for å starta og avslutta eit prosjekt – eg greidde det i tide, men det tok på: Alt eg har lyst til no er å sova gjennom dei neste dagane. Vel – kanskje ikkje heilt det, men det kjennest slik til tider.

Sidan eg har vore oppteken inne heile tida, så har ikkje mykje skjedd ute. For meg. Dei einaste gongane eg har greidd å gå ut er når eg har hatt nokre naudsynte ærend i byen, i tillegg til nokre få raske turar for å trekka litt frisk luft.

Det er når eg tvingar meg sjølv til å setja meg ned og skriva dette – fullstendig tomt for noko interessant – at eg byrjar å tenkja på den restaurerte bygningen. (Vel – eg tenkjer på han som restaurert uansett, om det stemmer eller ikkje.) Det er langt frå der eg pleier å gå,(1) men då eg gjekk for å få litt frisk luft no på måndag så var det der eg gjekk. Rett nok hadde eg gått eit godt stykke forbi før eg la merke til kvar eg var, så eg visste stadig ikkje kva slag bygning det var. Onsdag trengte eg handla inn litt mat, og igjen fann eg meg sjølv gåande nedover den gata. Sjølvsagt, utan å vera klar over det før eg hadde gått forbi bygningen. Torsdag kveld: Eg vart kald så eg snudde og gjekk heim att. Fredag kveld (prosjektet ferdig og levert, yay!) og handlingane frå måndag og onsdag gjentok seg. Eg gjekk nedover gata, men lukkast ikkje å registrere at eg gjekk forbi bygningen – det vart eg klar over lenge etter.

Vel – eg gjekk aldri nedover den gata med det målet å finna ut kva bygning det var, ikkje medvite i alle fall, så det skulle ikkje uroa meg. Men i dag var det akkurat det eg ville – eg ville ta turen for å sjå om bygningen gav nokre hint om kva slag han var, sjølv om eg nesten rekna med at han ikkje ville det. Det var ikkje akkurat det som hendte…

Gjett kva!

Med det spesifikke målet å gå å finna det ut, så mislukkast eg fullstendig. Neida – eg gjekk ikkje forbi bygningen utan å vera klar over det – eg var ikkje nær sjølve gata ein gong. Eg veit, eg veit. Du trur truleg at eg er ein av dei mest distré typane som finst – og du har sikkert rett – men for denne posten si skuld likar eg å tru at det er bygningen unnviker meg med vilje. Kun for å irritere meg. Eg er sikker på det.

(1) Ikkje langt i frå i distanse, men sist veke var første gong eg rusla nedover den gata, det eg kan hugsa.

15. februar 2006

Ein by sine løyndomar

Filed under: — Svein Kåre @ 23:46

Normalt når eg er i byen, så held eg meg til nokre få gater og butikkar for å gjera dei ærenda eg treng (eller vil) gjera. Og det er det. Men for halvanna veke sidan bestemte eg meg for å bruka litt tid til å sjå meg rundt på stadar der eg venlegvis ikkje går – eller aldri har vore i det heile.

Så eg vandra rundt i trange smau og vide gater, eller i det minste på fortoga langs dei. Eg rusla rundt i sentrum og i utkanten, fekk med meg små butikkar av nær sagt alle slag, bustadar «gøymt vekk» på plassar der eg først trudde det ikkje var noko, skinnande nye bygningar attmed gamle og skitne. Og ein bygning som såg ut til å vera restaurert – han såg svært gammal ut, men materiala virka ganske nye. Eg veit ikkje kva slag bygning det var, dog.

No, eg har alltid visst det er butikkar eg ikkje har besøkt – massevis av dei. Eg har òg kasta eit blikk opp (eller ned) desse smale smaua, og sett at det er nokre der. Det eg aldri har tenkt over, er kor mange slike småbutikkar som finst, berre ein liten avstikkar vekk frå hovudgatene. Og kor mange typar det er. Kort sagt, det var mykje interessant å sjå, nokre av desse butikkane krev òg eit besøk frå meg seinare.

Men – kvifor har eg venta så lenge med denne oppdateringa? Eg meinte det ikkje, æresord. Det er berre det at – det er som om eg har vore fullstendig tappa for energi sidan den dagen. Og kald. Mot slutten av dagen (eller tida i byen) så byrja eg å skjelva og frysa så mykje at eg berre måtte komma meg heim. Der pakka eg meg godt inn i eit pledd og somna på sofaen med ein gong – og fram til no har eg ikkje hatt energi nok til å gjera meir enn det eg måtte. Men det ser betre ut no.

2. februar 2006

No er eg nyfiken

Filed under: — Svein Kåre @ 22:02

Eg gjekk ut om morgonen. Eg kom tilbake om ettermiddagen. Ingenting uvanleg der, og ingenting av særleg interesse tok stad mellom dei to hendingane. Men det som gjorde meg nyfiken skjedde akkurat ved dei to hendingane, for to korte augneblink. Så – kva var det som skjedde?

Vel, ikkje særleg mykje slik sett, det er berre det at eg såg nokon eg eigentleg ikkje venta å sjå igjen, eller i det minste kjenna att. Det er den jenta i den gammaldagse kjolen eg nemnde såvidt tidlegare. Både om morgonen og ettermiddagen såg eg ho, frå ein liten distanse. Begge gongane forsvann ho fort frå syne, og eg såg ikkje kvar.

Ein annan ting eg ikkje såg, var den tunge makeupen eg set i samband med gothstilen. Kanskje eg berre tek fullstendig feil på det feltet, men kvar gong eg har sett ein goth avbilda, så har det vore med tung makeup. Så – denne jenta er ikkje ein goth? Eller?

Eg hugsar ein artikkel i eit vekeblad mamma kjøpte for mange år sidan, om ei kvinne i England (London?) – ho elska den viktorianske tida. Interiøret i bustaden hennar var i den stilen, og kjolane var frå den perioden. Mulig dette kan vera noko av det same – i det minste er eg blitt litt nyfiken. No trur eg eg må halda eit auga ope for ho, sånn for alle tilfelle. Det skadar ikkje at ho er søt heller… 😉

28. januar 2006

Travel veke har slutta

Filed under: — Svein Kåre @ 13:12

Den travle delen av veka slutta i går. Alle møtene, og reisinga rundt, er no over. Det har vore ei interessant veke, med mykje å læra og sjå, og nokre avgjerder å taka. Ikkje noko alt for vanskeleg, dog – det kjem seinare. For å runde av, så besøkte alle me som var med denne veka ein koseleg, kinesisk restaurant for eit måltid. Firmaet betalte, så eg bestilte det dyraste…

Vel – ikkje heilt sant. Eg ville ha bestilt det uansett, og eg kunne ha bestilt dyrare drikke.

På vegen heim etterpå så hadde eg ei slags sær kjensle eg ikkje heilt greier å skildre. Det kan ha vore kun den kalde temperaturen, sjølv om det høyrest rart ut for meg – eg måtte pakka meg inn i eit teppe då eg kom inn. Så la eg meg på sofaen og – eh – «mediterte» ei stund lengre enn eg trudde, og fekk varmen tilbake. Noko som er delvis grunnen til at eg ikkje skreiv før no.

Eg tenker eg kler meg enno varmare før eg går ut i dag, berre i tilfelle.

Powered by WordPress