Dumme elva
Det er ei elv i parken. Vanlegvis ei koseleg, uskuldig elv som ikkje gjer nokon fortred. Ikkje slik i går.
Gårsdagen var ein vakker, solrik dag. Perfekt for ein spasertur i parken, og dermed var dette ein naturleg ting for meg å gjera. Frisk luft og den mosjonen ein spasertur utgjer gjorde dette til ei hyggeleg oppleving. Å spasere langs elva var òg hyggeleg og avslappande, opp til eit visst punkt. Åh, eg fall ikkje ut i elva, og heller ingen andre. Eg var berre på feil side av ho.
På den andre sida av elva la eg merke til den jenta eg vart nyfiken på tidlegare. Jenta (eller den unge kvinna, om du føretrekk) som kledde seg i gammaldagse klede. I går hadde ho òg på seg slike klede - uvanleg, men ganske stilig. Kanskje det var dumt av meg, men eg hadde ikkje lyst til å ropa til ho for å få kontakt med ho - ho gjekk ikkje langs elvebreidda. Dessutan var det ei bru over elva litt lengre oppover.
Diverre følgde ho ikkje gangstien så langt, men tok av der han delte seg og gjekk inn mellom nokre buskar. Eg sette opp farten og kryssa elva ved brua for å prøva å ta ho igjen - men diverre. Eg var for sein, og fann ho ikkje att. Kanskje eg skulle ha ropt, men - kva? «Hei, fin kjole»? Og deretter? Næh - er ikkje alt for komfortabel med den idéen. Trur eg er nøgd med å skulda på elva nett no.
Dumme elva.
Det er når eg tvingar meg sjølv til å setja meg ned og skriva dette - fullstendig tomt for noko interessant - at eg byrjar å tenkja på den restaurerte bygningen. (Vel - eg tenkjer på han som restaurert uansett, om det stemmer eller ikkje.) Det er langt frå der eg pleier å gå,(1) men då eg gjekk for å få litt frisk luft no på måndag så var det der eg gjekk. Rett nok hadde eg gått eit godt stykke forbi før eg la merke til kvar eg var, så eg visste stadig ikkje kva slag bygning det var. Onsdag trengte eg handla inn litt mat, og igjen fann eg meg sjølv gåande nedover den gata. Sjølvsagt, utan å vera klar over det før eg hadde gått forbi bygningen. Torsdag kveld: Eg vart kald så eg snudde og gjekk heim att. Fredag kveld (prosjektet ferdig og levert, yay!) og handlingane frå måndag og onsdag gjentok seg. Eg gjekk nedover gata, men lukkast ikkje å registrere at eg gjekk forbi bygningen - det vart eg klar over lenge etter.